Bygder og steder
Flåm
Flåm er ein heilårsdestinasjon rik på aktivitetar og kulturelle skattar. Omkransa av stupbratte fjellsider, buldrande fossefall og tronge dalar er Flåm eit paradis for deg som søkjer naturopplevingar det ikkje finst makan til i heile verda.
Enten du søkjer fart og spenning, ro og rekreasjon eller er ute etter ei lokal smaksoppleving – her er noko for alle uansett alder og årstid.
Den største attraksjonen i Flåm er Flåmsbana som er ei av verdas brattaste jernbanestrekningar og byr på vill og storslått natur. Flåmsbana blei kåra til «the world’s most incredible train journeys 2014” av Lonely Planet Magazine.
Bli med på ein minnerik båttur frå Flåm til Gudvangen i det som er omtalt som verdas beste reisemål – dei norske fjordane. Vakre Nærøyfjorden vil syna deg kvifor den har fått plass på UNESCOs verdsarvliste. Du kan også bli med på guida kajakk og RIB-turar i området.
Eller kva med å bli med Fjord Tours på rundturen Norge i et nøtteskall®?
I tillegg til fjordruter, er det også vegforbindelsar til Undredal og Gudvangen. Undredal er kjent for stavkyrkja og for den kvite og brune Undredalsosten.
La deg inspirere
Aktivitetar i Flåm

Sightseeing
FjordSafari Extended
Flåm
FjordSafari Extended - kom tett på naturen i Aurlandsfjorden og UNESCO lista Nærøyfjorden med erfarne guidar frå FjordSafari.

Utendørsaktiviteter og natur
Flåm Zipline
Flåm
Er du klar for å teste ut Nordens lengste Zipline? Ta Flåmsbana frå Flåm til Myrdal og gå ned til Flåm Zipline og opplev mektig natur i svevet.
Slik kommer du deg hit
Midt i hjarta av det norske fjordlandskapet og berre ein kort køyretur frå Oslo og Bergen ligg Sognefjorden.
Slik kommer du deg til og rundt SognefjordenPlanlegg ditt besøk i Flåm

Overnatting
Flåmsbrygga Hotell
Flåm
Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet ligg på kaien i Flåm, berre nokre steg frå båten og Flåmsbana, men likevel avskjerma og roleg.

Overnatting
Fretheim Hotel
Flåm
Historiske Fretheim Hotel inviterer til et minnerikt opphold i Flåm. Hotellet byr på 122 rom i ulike kategorier, moderne konferansesenter og gode Restaurant Arven.

Overnatting
Flåm Marina
Flåm
Flåm Marina ligg fantastisk til i storslåtte omgjevnadar omlag 400 m frå Flåm sentrum.
Kanskje er du også interessert i...

Nærøyfjorden
Verdens smaleste fjord ligger i unik og uberørt natur i Sogn. Nærøyfjorden er på UNESCOs liste over verdens kultur- og naturarvsteder.

Stegastein Utsiktspunkt
Med panoramautsikt 650 meter over Aurlandsfjorden, kan du oppleve den spektakulære utsiktsplattformen Stegastein.

UNESCO Urnes Stavkirke
UNESCO Urnes Stavkirke ligger vakkert til på Ornes med utsikt mot Lustrafjorden, slik ho har stått siden tidlig på 1100-tallet.










