Bygder og steder

Kalvåg

Kalvåg er eit av Vestlandet sine best bevarte fiskevær som ligg ytterst i havgapet på øya Frøya i Bremanger.

På 1860-talet var Kalvåg kanskje det største fiskeværet på kysten, og bygda hadde forretningar, sjukehus, kyrkje, lensmannsgard og skulehus. Fiskeri har vore hovudnæringa i Kalvåg, medan i dag er nesten heile bygda eit stort, levande hotell.

Mange av dei gamle sjøhusa er restaurerte for overnatting, og i gangavstand rundt den vesle vågen finn du rorbuene, rom eller leilegheiter, restauranten, puben, dansegolvet og møteromma, som utgjer Knutholmen.

Med sin lokasjon, er Kalvåg vêrutsatt. Dette kan du oppleve på nært hald i frå stormjakthytta Dosabu. Den ligg heilt ytterst på Frøya og her får du panoramautsikt over havet – utan å bli våt.

Ikkje langt i frå Kalvåg, finn du Grotlesanden. Grotlesanden er ei perle av ei sandstrand som ligg ytterst på Bremangerlandet. Stranda er barnevennleg og godt rettelagt for besøkande med parkering og toalett. Dette er også starten på den populære fjellturen Veten. På toppen får du ei nydeleg utsikt utover stranda og havet.

Lenge var Vetvika ein hemmelegheit kun eit fåtal menneske i Bremanger visste om. I dag derimot, sprer ryktet seg fort om den hemmelige vika med den krittkvite stranda, det azurblå havet og dei loddrette svarte klippeveggane. Turen til Vetvika er ein lenger gåtur, og det gjer at du kan få stranda heilt for deg sjølv. Om du først tar turen, tilbring gjerne natta der og nyt solnedgongen som går rett ned i havet.

I tillegg til sjøbaserte opplevingar som dykking, fiske og båtturar, byr landskapet rundt Kalvåg på fine turmoglegheiter til lands. Det går fleire stiar rundt fiskeværet, der du kan velge mellom alt frå korte halvtimesturar til fleire timars vandring i kystlandskapet.

Eventyr i Kalvåg

 Dosabu stormjakthytte

Utendørsaktiviteter og natur

Dosabu stormjakthytte

Kalvåg

Besøk stormjakthytta i Bremanger, og få panoramautsikt til storhavet utan å bli våt. Stormhytta er ein del av satsing innanfor "Stormwatching" konseptet. Denne hytta er open for alle og er ikkje til overnatting.

Vetvika

Utendørsaktiviteter og natur

Vetvika

Iglandsvik

Lenge var Vetvika ein hemmeligheit kun eit fåtall av folk i Bremanger viste om. I dag derimot, sprer ryktet seg fort om den hemmelige vika som er den «vakraste plassen på jord».

Slik kommer du deg hit

Nordfjord ligg lengst nord i Vestland fylke. Du kan komme til Nordfjord med både bil, kollektiv transport, fly, og båt.

Slik kjem du deg til og rundt i Nordfjord

Overnatting i Kalvåg

  • Knutholmen

    Overnatting

    Knutholmen

    Kalvåg

    Kalvåg er eit stort levande hotell. I gangavstand rundt den vesle vågen finn du rorbuene, rom eller leilegheiter, restauranten, puben, dansegolvet og møteromma.

  • Sjøholt by Knutholmen

    Overnatting

    Sjøholt by Knutholmen

    Bremanger

    I den sjelfulle sjøbuda fra 1860 kan du bu på lekre og intime værelse med innreia etter lokale historiske personlegheiter. Alle romma har høg comfort og med eit unikt interiørdesign med mange detaljer for å framheve historia til personen rommet er kalla opp etter.