Naturattraksjoner

Sunnhordland UNESCO Global Geopark

Oppdag eit av verdas eldste steinbrudd, der steinaldermenneska henta material til sine økser gjennom mange tusen år. Sjå korleis istidene forma fjordane og korleis kollisjonen mellom to kontinentalplater skapte verdfulle ressursar for menneska.

Geopark Sunnhordland har status som UNESCO Global Geopark på grunn av ein stor rikdom av geologi og arkeologi som saman gjev eit fascinerende bilete av vår forhistorie både for natur og kultur.

Kvar er UNESCO Geopark Sunnhordland?

Sunnhordland Geopark femner om dei åtte kommunane langs ytre del av den vakre Hardangerfjorden. Frå nakne klipper ved havet er det kort veg til dei majestetiske fjella og breane som kastar lange fossefall ut i blåe fjordar. Her faldar historiane om kontinentas storslegne vekst og fall seg ut, medan fjord og fjell bér imponerande spor etter enorme brears iskalde ferd mot havet. I over 11 000 år har menneske funne levekår i denne regionens rike variasjon av natur, landskap, flora og fauna.
Både E39 og E134 går gjennom Sunnhordland.

Kva er ein UNESCO-geopark?

Ein UNESCO-geopark er ikkje ein inngjerda park, men eit definert geografisk område med eineståande geologisk arv av global verdi. Gjennom ein kombinasjon av ivaretaking, bérekraftig utvikling og deltaking frå lokalsamfunna har geoparkane blitt stadig meir populære. Det finnest 195 UNESCO-geoparkar rundt om i verda, og fire av desse i Noreg.

Kva er UNESCO Geopark Sunnhordland?

Geoparken femner over heile Sunnhordlands areal på 4700 km2, delt av den majestetiske Hardangerfjorden som inviterer til ei reise gjennom jordas historie. Nord for fjorden opnar det seg ei skattekiste av unge, vulkanske bergarter spreidd i eit øyrike, medan det sør for fjorden er eit langt eldre alpint landskap fint forma av 30-40 istider. Sunnhordland Geopark fortél fascinerende historier om skaping av kontinent og samfunn, prega av imponerande fjell og fjordar, isbrear, monumentale fossefall og ein mangfaldig biodiversitet. Ein tur gjennom Geopark Sunnhordland er ein eventyrleg ekspedisjon gjennom natur, kultur og geologi.

Dei første menneska på Vestlandet

For 12000 år sidan vart vestlandskysten fri frå den enorme breen som hadde gøymt landskapet i mange tusen år. Raskt etter kom dei første menneska padlande hit i sine skinnbåtar frå landa lenger sør, kanskje følgde dei gåseplogane som peika nordover på vårhimmelen. Sørvestkysten av Noreg baud på rike ressursar av fisk, fugl og sel, men mangla bergarten flint som nomadane var vant til å lage sine våpen og redskap av der dei kom frå.

Lokale alternativ måtte finnast for å kunne leve her, og i det området me i dag kallar Sunnhordland fann nomadane eit godt alternativ til flint på øya Hespriholmen heilt ute mot havet. I seks årtusen deretter henta menneska på Sørvestlandet sine økseemne av grønstein ute på Hespriholmen, og i dag er denne vesle øya heilt i havkanten eit unikt, intakt kulturminne og ei av verdas eldste gruver.

Skattane i UNESCO Geopark Sunnhordland

I besøkssentra Moster Amfi, Folgefonnsenteret og Sunnhordland Museum blir geologi, natur og historie formidla gjennom utstillingar og kunnskapsrikt vertskap. Geoturkartet viser deg til utvalde geologiske- og kulturelle nøkkelstader, og på nettsida til geoparken finn du utvalde partnarar for overnatting, mat og opplevingar. Du finn Geoturkarta hos UNESCO Geopark Sunnhordland sine besøkssentra og partnarar. Kontakt gjerne UNESCO Geopark Sunnhordland direkte for råd, guida turar og geofagleg informasjon

Besøkssentra i Geopark Sunnhordland

Kultur

Moster Amfi

Moster

Moster Amfi er eit kultur-og opplevingssenter på historisk grunn på Moster i Vestland.

Folgefonnsenteret

Aktivitetsparker og dyr

Folgefonnsenteret

Rosendal

Folgefonnsenteret er tilknytt Folgefonna Nasjonalpark og inneheld moderne, interaktive utstillingar med tema som geologi, klima, vatnet sin syklus og livet i Hardangerfjorden. Folgefonnsenteret er lett tilgjengeleg med ekspressbåt frå Bergen.

Foto av to eldre hus, steinmur, grønn bakke, stort lauvtre, blå himmel.

Kultur

Sunnhordlandstunet - Stord - Sunnhordland Museum

Stord

Sunnhordlandstunet ligg i gåavstand til Leirvik sentrum. Utstillingar og museumstun med kulturhistoriske bygningar frå Sunnhordland, passar for heile familien.

Slik kommer du deg hit

Sunnhordland ligg mellom Bergen og Haugesund og ved inngangen til Hardangerfjorden. Du kjem deg lett til Sunnhordland, og det er mange moglegheiter til korleis du kan reise hit!

Slik kjem du deg til og rundt i Sunnhordland

Sov godt og kjenn smaken av Sunnhordland

  • Overnatting

    Stord Hotell

    Stord

    Stord Hotell er eit fullservicehotell som ligg i hjarta av Sunnhordland - midt mellom Bergen og Stavanger.

  • Vakre Haaheim Gaard på Tysnes

    Overnatting

    Haaheim Gaard

    Tysnes

    Velkommen til historiske Haaheim Gaard på Tysnes. Eit hotell som byr på ein særeigen og personleg atmosfære, og gode måltider med sesongbaserte råvarer.