Bygder og steder

Askvoll

Askvoll er fylt av spanande naturopplevingar. På ein og same dag kan du oppleve vakkert fjordlandskap ved Dalsfjorden og idyll på sjarmerande øyer lengst vest i havgapet.

Kommunesenteret Askvoll er den naturlege innfallsporten om du kjem sjøvegen, og er eit godt utgangspunkt for å utforske kommunen. Her finn du det meste av servicetilbod og eit godt utval av lokale butikkar. Nyt eit måltid hos Askvoll Sjøbuer Mat og Drikke, eller Askvoll Fjordhotell. Hotellet ligg midt i sentrum og er eit ypparleg utgangspunkt for å oppleve den vakre FjordKysten.

Øyhopping lengst vest i havgapet

Dra på øyhopping mellom øysamfunn som Atløy, Værlandet og Bulandet lengst vest i havgapet. På Atløy kan du sjå trekyrkja Vilnes frå 1674, og bestige Brurastakken – fjellet som er pynta i stripete skjørt med fargane svart, kvitt og grønt. Fjellet er eit eldorado for geologar i feltarbeid. I Bulandet og Værlandet ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bunde saman av seks bruer. Desse øyane er eit populært reisemål for dei som liker sykling, padling, fiske eller fotturar.

Fotturar

Askvoll byr på fleire spektakulære fjell- og fotturar. Blegja (1304 moh) er den høgste toppen i Askvoll. Alden, kjent som den Norske hest, er eit av dei mest markante fjella og kjente seglingsmerka på vestlandskysten. Om ein ønskjer lettare turar kan du gå på ei av Nordsjøløypene, eller kulturvandring.

Fjordbygda Holmedal

I den idylliske bygda Holmedal finn du Helle knivfabrikk. Fabrikken produserer høg-kvalitet knivar inspirert av fjord og ope hav. Her kan du besøke fabrikkutsalet og gjere eit godt kjøp. I Rivedal kan du sjå statuen av Ingolf Arnarson, som grunnla den første busetnaden på Island.

Fjordkysten Regional- og Geopark, ein UNESCO Global Geopark

Askvoll er ein del av Fjordkysten Regional- og Geopark, ein UNESCO Global Geopark. Parken strekkjer seg over dramatiske fjordar, åpent kystlandskap, og imponerande fjellformasjonar lengst vest i Norge.

Aktivitetar i Askvoll

Alden

Utendørsaktiviteter og natur

Fjelltur til Alden - den norske hest

Værlandet og Bulandet

Ein fjelltur til toppen av øya Alden i Askvoll byr på fantastisk panoramautsikt. Alden er 481 meter høgt og synleg meir enn 100 km til havs.

Kulturvandring i Askvoll

Kultur

Kulturvandring i Askvoll

Askvoll

Bli med på ei reise i Anders Askevolds motiv. Løypa tek deg med til stader med tilknyting til kunstmålaren Anders Askevold sitt liv.

Dagsturhytta

Utendørsaktiviteter og natur

Dagsturhytta i Askvoll - Nykshytta

Askvoll

Dagsturhytta i Askvoll ligg ved Nyksvatnet i Holmedal, 455 meter over havet. Dette er ein fin tur som passar heile familien

Kulturvandring i Askvoll

Kultur

Kulturvandring i Askvoll

Askvoll

Bli med på ei reise i Anders Askevolds motiv. Løypa tek deg med til stader med tilknyting til kunstmålaren Anders Askevold sitt liv.

Ingolf Arnarsson

Kultur

Ingolf Arnarson, Rivedal

Askvoll

Ingolf Arnarson statua i Rivedal er eit "monument" over pionèerånd, og utferdstrang i Dalsfjorden før år 1000.

Oppstigning på Blegja

Utendørsaktiviteter og natur

Blegja - den høgste toppen i FjordKysten

Askvoll

Blegja i Askvoll blir kalt Dronninga blant fjella i Sunnfjord, og ikkje utan grunn. Med sine 1305 moh over havet er Blegja den høgste fjelltoppen i FjordKysten!

Dagsturhytta

Utendørsaktiviteter og natur

Dagsturhytta i Askvoll - Nykshytta

Askvoll

Dagsturhytta i Askvoll ligg ved Nyksvatnet i Holmedal, 455 meter over havet. Dette er ein fin tur som passar heile familien

Slik kommer du deg hit

Fjordkysten & Sunnfjord strekk seg frå breen i aust og til øysamfunna i vest, ein drøy time nord frå Bergen. Under finn du oversikt over korleis du kjem deg til og rundt i regionen.

Slik kjem du deg til og rundt i Fjordkysten & Sunnfjord

Sov godt i Askvoll

Andre bygder på Vestlandet

  • Bygstad

    Omgitt av majestetiske fjell og vakre fjorder er Bygstad ein destinasjon å ha på lista si. Her kan du oppleve naturens skjønnheit og lokal kultur på sitt beste.

  • en person står med armene ut oppå eit fjell. det er utsikt ut over eit stort fjell som stuper ned i ein fjord. fjellet er langt og bratt på sida. i midten av fjorden ligg det ei øy.

    Hyllestad

    Hyllestad er fylt med små, idylliske stadar der du kan slappe av og nyte. Uansett kva du vel er utsikta over fjorden garantert.

  • 5 kajakker padler mot kamera, det er solnedgang og bak dei er det store flyttblokker som står plassert på en holme. dei padler og ser inn i kamera. solen bryter gjennom flyttblokkene. det er rolig sjø

    Solund

    Med 1700 øyar, holmar og skjer vest i havgapet er Solund eit populært reisemål for alle som leiter etter spennande naturopplevingar.