Bygder og steder

Solund

Med 1700 øyar, holmar og skjer vest i havgapet er Solund eit populært reisemål for alle som leiter etter spennande naturopplevingar.

Øyriket Solund ligg kun to timar frå Bergen og er knytta til riksvegnettet med ferge mellom Rutledal i Gulen, Rysjedalsvika i Hyllestad til Krakhella i Solund.

I Solund kan du oppleve dei vestlegaste øyane i Norge og komme tett på det spektakulære landskapet med tusenvis av øyer, holmer og skjer. Den lokale postbåten i Solund binder øysamfunnet saman ved å levere post og transportere fastbuande frå ein øy til ei anna. Om sommaren kan du bli med den lokale postbåten til Solund, Bulandet og Værlandet. Det er fint å kombinere øyhopping med sykkelopplevingar, og her kan du sykle på lite trafikkerte vegar som innbyr til fine natur- og sykkelopplevingar.

Lengst vest i Norge

Du kjem ikkje lenger vest i Norge enn Utvær. Staden som har både historisk sus og ein natur som fengjer. Når du vandrar på øya kan du sjå tufter etter kapellet som vart flytta i 1718 og merke etter sliping av sverd. Om sommaren kan du bli med på fyrsafari frå Hardbakke til Utvær.

Kajakkeldorado

Solund er eit eldorado for padling. Med tusenvis av øyar, holmar og skjer i vakker urørt natur gir Solund deg nokon av dei beste padleopplevingane Norge har å by på. Opplev sjarmerande fiskevær og ein unik geologi frå din kajakk. Visste du at i Solund fins sandsteiner frå devontiden. Tilsvarande rester etter avsetningane i devontiden fins også ved Fensfjorden, Kvamhesten, Håsteinen og Hornelen. Til saman utgjer desse geologiske felta, devonfelta på Vestlandet, ein viktig del av Norges geologi.

Fjordkysten Regional- og Geopark, ein UNESCO Global Geopark

Solund er ein del av Fjordkysten Regional- og Geopark, ein UNESCO Global Geopark. Parken strekkjer seg over dramatiske fjordar, åpent kystlandskap, og imponerande fjellformasjonar lengst vest i Norge.

Aktivitetar i Solund

Padle i vakre omgivelser i Solund

Utendørsaktiviteter og natur

Skjærgardstur i Solund - Sognefjord Active

Solund

Kom deg heilt nedpå og opplev det fantastisk øyriket Solund. Sognefjord Active vil lose deg gjennom ein uforgløymeleg tur.

Utendørsaktiviteter og natur

Dagsturhytta i Solund - Sognesjøhytta

Solund

Dagsturhytta i Solund heiter Sognesjøhytta og ligg 15 moh. Dette er ein fin tur som passar for heile familien

Kultur

Villsausafari i Solund med Sognefjord Active

Solund

Bli med på ei heilt spesiell reise gjennom det særeigne kystlandskapet i Solund! Møt dei frittgåande villsauene og lær korleis lokalsamfunnet har skapt eit sentrumsnært villsaulag – ein levande del av naturen som held kulturlandskapet i hevd.

To personar syklar langs ein nyasfaltert veg. Det er litt myr på eine sida av vegen og ellers er det mykje stein og berg. Foto

Utendørsaktiviteter og natur

Sykkeltur frå Hardbakke til Avløyp i Solund

Solund

Ønskjer du å sykle langs vegane i Solund anbefaler vi å sykle på den mindre trafikkerte vegen mellom Hardbakke til Avløyp.

en båt er på veg inn til kaia. det er mange gule hus ved kaien, og det er fjell rundt.

Utendørsaktiviteter og natur

Solund Rorbuferie, Båtutleige

Solund

Opplev Solund frå sjøen. Solund Rorbuferie tilbyr utleige av båt slik at du kan oppleve øyparadiset frå sjøen.

Utendørsaktiviteter og natur

Fjelltur til Ramnenipa frå Hardbakke

Solund

Frå Ramnenipa på Hardbakke får du fantastisk utsikt over kommunesenteret, kysten og dei nærliggande øyane. Flott fjelltur som passar fint for heile familien

Vidar hop skyssbåter, postbåten, utanfor holmen med Lågøystolane. Det er store steinar i spesielle former som ligg på ein flat holme. Det er sjø på alle kantar. Foto

Sightseeing

Lågøystolane

Solund

Lågøystolane er steinkjempar som gir eit særpreg i landskapet som ein ikkje finn andre stadar.

Sightseeing

Stormwatching i Solund

Solund

Dra på stormjakt i Solund og opplev ein rå, ufiltrert del av Norge

Padle i vakre omgivelser i Solund

Utendørsaktiviteter og natur

Skjærgardstur i Solund - Sognefjord Active

Solund

Kom deg heilt nedpå og opplev det fantastisk øyriket Solund. Sognefjord Active vil lose deg gjennom ein uforgløymeleg tur.

Dronebilde av eit kommunesenter, eit landskap. det er solnedgang

Shopping

Spar Solund

Solund

Spar Solund ligg på kommunesenteret Hardbakke i Solund. Her finn du det du treng - og litt til

Kultur

Villsausafari i Solund med Sognefjord Active

Solund

Bli med på ei heilt spesiell reise gjennom det særeigne kystlandskapet i Solund! Møt dei frittgåande villsauene og lær korleis lokalsamfunnet har skapt eit sentrumsnært villsaulag – ein levande del av naturen som held kulturlandskapet i hevd.

Lundsholet

Sightseeing

Øyhopping med postbåten - Solund, Bulandet, Værlandet

Solund

Bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet - ein flott rundtur blant dei vestlegaste øyene i Norge.

Slik kommer du deg hit

Fjordkysten & Sunnfjord strekk seg frå breen i aust og til øysamfunna i vest, ein drøy time nord frå Bergen. Under finn du oversikt over korleis du kjem deg til og rundt i regionen.

Slik kjem du deg til og rundt i Fjordkysten & Sunnfjord

Sov godt i Solund

  • bilde av utesalong og informasjon om hovudinngang rom 1-6. utesalongen består av tre flettestoler med tilhørende bord i midten. på bordet er det pynt

    Overnatting

    Solund Leilighetshotell

    Solund

    Solund leilighetshotell ligg sentralt til på Hardbakke og gir deg ein avslappande pause frå ein hektisk kvardag.

  • mørke skyer, rorbuer med kai foran og to båter som ligger ved kai. det er fjell i bakgrunnen. fiskebåt ligger ved siden av marinesenteret

    Overnatting

    Steinsund Marinesenter

    Solund

    Velkomen til Steinsund Marinesenter og øyriket Solund

  • sjøhus og andre hus som står langs ein veg. sjøen er i enden av bildet. ei gul sjøhus vises bakom eit kvitt hus med grøne detaljer

    Overnatting

    Kalgraff ferie og fritid

    Solund

    Ved det idylliske grendesamfunnet Kolgrov kan du lytte til bølgene som skvulpar i sjøkanten, eller sjå bølgene slå mot land på dei stormfulle dagane.

Andre stader på Vestlandet

  • en person står med armene ut oppå eit fjell. det er utsikt ut over eit stort fjell som stuper ned i ein fjord. fjellet er langt og bratt på sida. i midten av fjorden ligg det ei øy.

    Hyllestad

    Hyllestad er fylt med små, idylliske stadar der du kan slappe av og nyte. Uansett kva du vel er utsikta over fjorden garantert.

  • Værlandet og Bulandet

    Midt i havgapet, godt vakta av den majestetiske Alden, ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bunde saman av 6 bruer og 5.240m veg.

  • Askvoll

    Askvoll er fylt av spanande naturopplevingar. På ein og same dag kan du oppleve vakkert fjordlandskap ved Dalsfjorden og idyll på sjarmerande øyer lengst vest i havgapet.