Naturattraksjoner

Dalsfjorden

Omkransa av fossefall og bratte lier er Dalsfjorden ein skjult perle på kysten av Vestland.

Dalsfjorden er ein smal fjordarm som strekkjer seg gjennom kommunane Askvoll, Fjaler og Sunnfjord. Dalsfjorden er ein fortsettelse av Vilnesfjorden, og er til saman 43 kilometer lang. I botnen av fjorden munnar det mektige vassdraget Gaula ut.

Dalsfjorden er omringa av eit flott turterreng. Her kan du blant anna besøke Fossedalen, reise på guida RIB-tur safari til den mektige Laukelandsfossen, eller nyte spektakulær panoramautsikt frå Heileberget, 761 meter over fjorden. Dalsfjorden er også perfekt for kajakkturar eller skumringstur med Bakkejekta - ein kopi av Norges eldste bevarte trebåt, frå omlag 1750.

Sjå og gjere i Dalsfjorden

Topptur til Heileberget

Utendørsaktiviteter og natur

Fjelltur til Heileberget (Fløgen)

Fjaler

Ved mektige Dalsfjorden ligg den imponerande fjellturen Heileberget, også kalla Fløgen. Frå 761 høgdemeter får du storslått utsikt og mektige naturopplevingar

Foss, natur og person som står nær fossen

Sightseeing

Laukelandsfossen

Fjaler

Laukelandsfossen er eit imponerande syn med eit fall på 135 meter og opp til 100 meter breidde. 

Ei jente bader i fossen

Utendørsaktiviteter og natur

Fossedalen

Dalsfjorden

Fossedalen er ei naturperle på nordsida av Dalsfjorden. Vandre til Fossedalsfossen. Kanskje det freistar med eit bad?

Slik kommer du deg hit

Fjordkysten & Sunnfjord strekk seg frå breen i aust og til øysamfunna i vest, ein drøy time nord frå Bergen. Under finn du oversikt over korleis du kjem deg til og rundt i regionen.

Slik kjem du deg til og rundt i Fjordkysten & Sunnfjord

Sov godt nær. Dalsfjorden

  • Overnatting

    Fabel Kafé og Motell

    Dale

    Fabel Kafé & Motell – her får du ikkje berre ei god seng og god mat, men òg eit perfekt utgangspunkt for å oppleve alt denne mangfaldige bygda har å by på.

  • hotell, benker, grillhus, kunst, tre

    Overnatting

    Askvoll Fjordhotell

    Askvoll

    Frå Askvoll Fjordhotell har du eit ypparleg utgangspunkt for å kunne oppleve kystkulturen, lokal mat og eit hyggeleg hotellopphald.

  • Askvoll

    Askvoll er fylt av spanande naturopplevingar. På ein og same dag kan du oppleve vakkert fjordlandskap ved Dalsfjorden og idyll på sjarmerande øyer lengst vest i havgapet.