Byer

Førde

Med elva Jølstra som snirklar seg gjennom landskapet på sin veg mot Førdefjorden har den vesle byen Førde funne si form. Handelssenter og kultursenter med eit rikt tilbod av kafear og spisestader.

Førde er den største tettstaden i Sunnfjord, med rundt 10 000 innbyggarar, og er kjent som eit handelssenter i regionen. Elva Jølstra går gjennom sentrum i Førde og renn ut i Førdefjorden. Langs elva er det laga fleire fine sitjegrupper der ein kan sitte og nyte lyden frå elva. Førde har også eit mangfaldig tilbod av restaurantar og kaféar for ein kvar smak

Kunst og Kultur

I Førde står kunst- og kulturlivet sterkt. Midt i byen ligg Sogn og Fjordane Kunstmuseum, og kvart år i starten av juli vert Førde Internasjonale Folkemusikkfestival arrangert. I Movika ligg Sunnfjord Museum idyllisk til ved Movatnet, og tek deg med på ei stemningsfull reise tilbake i tid. Førde er heimbyen til kunstnaren Oddvar Torsheim, og du kan sjå mange av kunstverka hans i byen.

Den Nasjonale Turistveg Gaularfjellet

Gaularfjellet er ein nasjonal turistveg som er rundt 114 km lang, og ein særs vakker veg med mykje å sjå. På vegen kan du komme nær Likholefossen, der det er blitt laga ei bru slik at du får oppleve fossen midt i vassdraget. Frå Gaularfjellet til Viksdalen kan du gå langs Fossestien, ein godt tilrettelagt tursti med 14 større fossar og 7 vatn. Ved utsiktspunktet "Utsikten", er det panorama utsikt over vegen og Vetlefjorden. Du får oppleve urørt natur og majestetiske fjell.

Huldefossen

Om du ønskjer å oppleve eit unikt naturfenomen bør du besøke Huldefossen ved Movika. Fossen har eit fall på rundt 90 meter. Det er ein majestetisk foss, og landskapet rundt komplimenterer fossen. Det er mogleg å gå nesten heilt bort til fossen, og kjenne på naturkreftene. Tidlegare vart fossen assosiert med naturmystikk, og det ordet passar bra til denne fossen med all sin kraft.

Aktivitetar i Førde

Fasade kunstmuseum

Kultur

Sogn og Fjordane kunstmuseum

Førde

Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde tilbyr ein unik kombinasjon av moderne kunst og vestlandsnatur.

foss, bygg, refleksjoner, tre, skog

Sightseeing

Huldefossen

Førde

Besøk vakre Huldefossen som er ein av dei mest fotograferte fossane i Fjord Noreg! Berre 10 kilometer frå Førde. Fossen heng over som eit naturens sceneteppe.

ein person går langs ein grusveg. bak ho er det utsikt over ein by som ligg i ein fjord. det er høge fjell mellom fjorden

Utendørsaktiviteter og natur

Fjelltur til Hafstadkleiva i Førde

Førde

Klar for ein bratt utfordring? Start med 180 trappetrinn og følg stien opp til Hafstadfjellet – 706 meter over havet med panoramautsikt over Førde.

ei hytte står plassert mellom trær. hytta er ei trekanthytte, og har glas i midten. det er gjenspegel i glasa. det er eit fint varmt lys ute. det står ein trebenk plassert på plattingen ved siden av hytta

Utendørsaktiviteter og natur

Dagsturhytta i Førde - Gytta

Førde

Dagsturhytta Gyttakvia ligg på om lag 250 moh, og gir deg ei flott utsikt over Førde by. Dette er den mest besøkte dagsturhytta i regionen.

Fasade kunstmuseum

Kultur

Sogn og Fjordane kunstmuseum

Førde

Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde tilbyr ein unik kombinasjon av moderne kunst og vestlandsnatur.

museumshus med gress på taket. det er bjørketre rundt husa, og husa ligg nærme fjorden med fjella i bakgrunnen. det er grønt gras rundt.

Kultur

Sunnfjord Museum

Førde

Når de stig inn i ei av dei små, lafta stovene på Sunnfjord Museum, stig de inn i livet til sunnfjordingen på 1800-talet.      

foss, bygg, refleksjoner, tre, skog

Sightseeing

Huldefossen

Førde

Besøk vakre Huldefossen som er ein av dei mest fotograferte fossane i Fjord Noreg! Berre 10 kilometer frå Førde. Fossen heng over som eit naturens sceneteppe.

Slik kommer du deg hit

Fjordkysten & Sunnfjord strekk seg frå breen i aust og til øysamfunna i vest, ein drøy time nord frå Bergen. Under finn du oversikt over korleis du kjem deg til og rundt i regionen.

Slik kjem du deg til og rundt i Fjordkysten & Sunnfjord

Sov godt i Førde

Kva skjer i Førde?

    Besøk nærliggande reisemål

    • utsiktspunkt med veg nedenfor. fjell, grønne trer og en firkanta utsiktspunkt. tre biler står der

      Nasjonal turistveg Gaularfjellet

      Den Nasjonale Turistveg Gaularfjellet går langs verna vassdrag og stille fjordarm frå Sunnfjord til Sogn.

    • eit motiv med ein fjord og høge fjell med snøtoppar. det er grøne trer med eit hint av oransje. det er også grøne og oransje element i graset. i midten av bilde står ei jente og ser utover utsikten

      Jølster

      Omringa av mektige fjell og eit idyllisk vatn er Jølster den perfekte destinasjonen for gode opplevingar.

    • Bygstad

      Omgitt av majestetiske fjell og vakre fjorder er Bygstad ein destinasjon å ha på lista si. Her kan du oppleve naturens skjønnheit og lokal kultur på sitt beste.