Bygder og steder

Jølster

Omringa av mektige fjell og eit idyllisk vatn er Jølster den perfekte destinasjonen for gode opplevingar.

Jølster er med si geografiske og sentrale plassering eit knutepunkt mellom Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, og er ideell for deg som likar aurefiske, ein tur med sykkel, kajakk eller ein fjelltur, gjerne i kombinasjon med kultur- og matopplevingar.

Jølstravatnet er kjent som eit særs rikt fiskevatn, med svært godt kvalitet på fisken. Årleg blir det fiska 15 tonn med Jølsteraure. I byrjinga av juni kvart år vert fiskekonkurransen Jølster Aurefest arrangert med heile Jølstravatnet som arena.

I Astrups rike

Gå ikkje glipp av Astruptunet, som er heimen til kunstmalaren Nikolai Astrup, ein av Noregs mest kjente kunstnarar. Han skapte nokre ikoniske portrett av bygda, Nikolai Astrup. Besøker du Astruptunet kan du sjå der han stod ved staffeliet, og kjenne på korleis du sjølv vert påverka av omgjevnadane. Den vakre kunstnarheimen ligg idyllisk til ved Jølstravatnet.

Fjelltur og brevandring

Jølstravatnet er omkransa av nydelege fjelltoppar og dermed eit godt utgangspunkt for fjellturar. Breen har forma dalar og slipt fjella. Det er fleire fjellturar å velje mellom, noko som betyr at du vil finne ein tur som passar ditt nivå. Om du syntes bre er spennande så er det ein veldig fin tur inn til Haugabreen der du får ein fin utsikt til breen. Ønskjer du å gå på breen kan du få ein guida tur saman med breogfjell. Har du lyst på ein roleg tur etter ein lang dag kan du ta ein tur opp til dagsturhytta. Dette er ein tur som passar alle, og du får ei veldig fin utsikt over Jølstravatnet. Om du jaktar på ei Instagram venleg utsikt så er Hamnanova rette fjellet å gå på. På toppen her ser du ut over Kjøsnesfjorden og Jølstravatnet.

Aktivitetar i Jølster

mange personer står i eit t-trekk opp en skibakke. det er sol og blå himmel og snø på bakken

Utendørsaktiviteter og natur

Jølster Skisenter

Jølster

Hos familievenlege Jølster Skisenter finn du skiløyper frå den heilt ferske nybegynner til den røydne som krev utfordringar.

Sightseeing

Guida båtturar på Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden med Jølster Boat Tours

Jølster

Opplev Jølsters spektakulære brear, fjell og fjordar med Jølster Boat Tours. Guida båttur med natur og lokale historier i stillegåande båtar.

eit motiv med ein fjord og høge fjell med snøtoppar. det er grøne trer med eit hint av oransje. det er også grøne og oransje element i graset. i midten av bilde står ei jente og ser utover utsikten

Utendørsaktiviteter og natur

Fjelltur til Hamnanova

Jølster

Ein fjelltur til Hamnanova i Jølster gir deg nydeleg utsikt over Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden. Turen passer heile familien

Slik kommer du deg hit

Fjordkysten & Sunnfjord strekk seg frå breen i aust og til øysamfunna i vest, ein drøy time nord frå Bergen. Under finn du oversikt over korleis du kjem deg til og rundt i regionen.

Slik kjem du deg til og rundt i Fjordkysten & Sunnfjord

Sov godt i Jølster

  • Dronebilde. Vi ser rett ned på bubil og campingvognparkeringa, med teltplassar og leieplass. Langs elva ligg hyttene. Til høgre i bildet ligg servicehuset, butikk, bensinstasjon og serveringstad. Vi ser elva renne nedover dalen. Det er mykje frodig skog og vi ser starten på nokre av fjella.

    Overnatting

    Jølstraholmen Camping

    Jølster

    Omgitt av elvar, isbrear og turvennlege fjell, er Jølstraholmen den perfekte plassen for eit aktivt med likevel avslappande opphald, i kontakt med naturen.

  • Jølvassbu Camping

    Overnatting

    Jølvassbu Camping

    Jølster

    Jølvassbu Camping ligg i naturskjønne omgjevnader ved elva, og er eit godt utgangspunkt for å oppleve mektige Jølster.

  • Overnatting

    Lunde Turiststasjon

    Jølster

    Lunde Turiststasjon er ei tradisjonsrik familiedriven overnattingsverksemd med 36 sengeplassar fordelt på rom, hytter og leilegheiter.

Andre stader på Vestlandet

  • Ein person sitter på enden av eit fjell og ser ut over. utsikten er over ein by med masse hus, og ein fjord som går mellom høge fjell

    Førde

    Med elva Jølstra som snirklar seg gjennom landskapet på sin veg mot Førdefjorden har den vesle byen Førde funne si form. Handelssenter og kultursenter med eit rikt tilbod av kafear og spisestader.

  • Bygstad

    Omgitt av majestetiske fjell og vakre fjorder er Bygstad ein destinasjon å ha på lista si. Her kan du oppleve naturens skjønnheit og lokal kultur på sitt beste.

  • Fjærland

    Bygda ligg ved Sognefjorden og har Jostedalsbreen, den største breen på det europeiske kontinent, som næraste nabo. Fjærland har 300 fastbuande, og høyrer til Sogndal kommune. Mundal er sentrum i Fjærland og ligg om lag 3 km frå riksvegen.