Bygder og steder

Hjørundfjorden

Midt mellom dei taggete og steile Sunnmørsalpane, skjer Hjørundfjorden seg 35 km innover i landet. Små bygdeperler ligg på rekke og rad og ønsker deg velkomen.

Langs fjorden finn du veglause små samfunn. Trandal, kanskje mest kjend for instagrambiletet av den spektakulære dissa der du nærmast kan dingle med beina over fjorden ved Christian Gaard Bygdetun. Dei mange musikkfestivalane i bygda dreg også mange besøkande i tillegg til dei flotte fjellturane. Hit kan du kun kome sjøvegen med ferje frå Sæbø, Standal, eller med hurtigbåt eller skyssbåt.

Fjorden deler seg etterkvart i to, der den eine arma går til Bjørke, og den andre får namnet Norangsfjorden og strekk seg inn til Øye. Her passerar du Urke på vegen. I Norangsdalen, det trange dalføret mellom Øye og Hellesylt, ligg Lygnstøylsvatnet. På botnen av vatnet ser ein spor av husmurar etter eit stort ras som demma opp for elva og sette husa under vatn. Dette viser noko av den dramatiske historia til området.

På det sagnomsuste Hotel Union Øye får du høyre historier om både dalen, fjorden og hotellet, før du tek kveld på eitt av romma kalla opp etter fordums besøkande kongelege eller kjende personar. Sagafjord Hotel på Sæbø er også et flott utgangspunkt for turar i området, og langs fjorden er det fleire som tilbyr hytter. 

Fjella som omkransar fjorden, er eit ynda turmål, og her finn du kjende toppar som Slogen og Saksa. Lokale guideselskap kan ta deg med på turar til fjells, på sykkel, eller på fjorden i kajakk. Eller kva med å padle i ein kajakk med glasbotn på Lygnstøylsvatnet?

Korleis kjem du deg til Hjørundfjorden

Om sommaren går det hurtigbåt frå Ålesund til Øye med stopp undervegs på Trandal, Sæbø og Urke. Elles kan du reise med bil, og gjerne nyte vakre ferjeturar på fjorden mellom Ytre Standal, Trandal, Sæbø, Skår og Leknes. 

Det er flere måter å komme seg til området på både med buss, båt og egen bil. 
Det går buss til Ørsta, og korrespondanse vidare til Sæbø. Frå Sæbø kan ein ta ferje, hurtigbåt eller skyssbåt vidare. Skyssbåtane er som ein taxi på fjorden. 

Aktivitetar og attraksjonar i Hjørundfjorden

Ivar Aasen tunet

Aktivitetsparker og dyr

Aasentunet i Ørsta

Ørsta

Aasentunet gir deg gode opplevingar og undrande ettertankar om språk, litteratur og arkitektur.

Trugetur i Sunnmørsalpane. Utsikt.

Utendørsaktiviteter og natur

Trugetur med guide i Sunnmørsalpane

Øye

Bli med på en trugetur i det vakre vinterlandskapet på Sunnmøre, og opplev fjordutsikt, eventyrskoger og uberørt snø.

Slik kommer du deg hit

Planlegg reisa di på Sunnmøre og besøk kjende stader som Ålesund, Geiranger, Trollstigen, Ona og Runde. Her finn du informasjon om korleis du kjem deg hit og rundt i vår region.

Slik kjem du deg til og rundt i Ålesund & Sunnmøre

Sove og Spise i Hjørundfjorden

Utforsk regionen

  • Fugleøya Runde

    Runde & Sunnmørskysten

    Ytre, søre Sunnmøre er den upolerte og utadvende naboen til Ålesund. Eit øyrike med små stader og store opplevingar.

  • Trugeturar i Valldal

    Valldal - The Adventure Valley

    Mellom Geiranger og Trollstigen ligg Valldal – ei frodig fjordbygd full av kontrastar. Her kan du smake dei søtaste jordbæra og bli med på fartsfylte eller familievenlege opplevingar – frå fjord til fjell, heile året.