Bygder og steder
Valldal - The Adventure Valley
Mellom Geiranger og Trollstigen ligg Valldal – ei frodig fjordbygd full av kontrastar. Her kan du smake dei søtaste jordbæra og bli med på fartsfylte eller familievenlege opplevingar – frå fjord til fjell, heile året.
Frå fjord til fjell – og alt mellom
Valldal strekkjer seg frå fjorden og opp i fjella, midt mellom Trollstigen og Geiranger. Her får du både kvilepuls og adrenalin – året rundt. Du kan padle på fjorden, klatre i bratte lier, gå toppturar med utsikt til verdsarvlandskapet, eller ta steget utfor Zakariasdammen – ei utfordring på 96 meter. Dette kontrastfylte terrenget rommar både Reinheimen nasjonalpark og ikoniske stopp langs Nasjonal turistveg Geiranger - Trollstigen, som Gudbrandsjuvet, der elva har grave seg inn i fjellet og laga eit landskap som både rører og ruskar.
Menneske, minne og gamle vegar
Valldal har vore ei viktig ferdselsåre i hundrevis av år – mellom fjord og fjell, mellom bygder og dalar. Valldal er òg startpunkt for pilegrimsleia Valldalsleia – ei rute der du bokstaveleg talt går i spora etter dei som kom før. Landskapet opnar for ettertanke, og historia er synleg både i stiar, setrar og kvardagsliv. Tafjord er og ein del av Geirangerfjorden verdsarvområde og eit godt utgangspunkt for turar i Tafjordfjella. Her finn du òg Fundergata – ein gamal bygdeveg der det særprega gatemiljøet med kyrkjebuder, stover og gamleskulen eit levande minne om livet som var.
Smaken av Valldal
Takka vere det milde klimaet er Valldal kjend som jordbærbygda – men det veks meir enn berre bær her. Om sommaren kan du kjøpe frukt, grønsaker og søte jordbær rett frå gardane langs vegen. Smaken av Valldal kjem rett frå jorda – og landskapet du står i.
Opplev bygdene rundt
Rundt Valldal ligg fleire bygder og små tettstader som kvar for seg byr på unike opplevingar. Du kan besøkje Herdalssetra med 300 år samanhengande seterdrift, gå på ski i Arena Overøye, vandre i nasjonalromantiske landskap eller oppleve rosemåla prakt i Rosekyrkja. Frå fjordfiske til fjellturar, frå freda husmannsplassar til lokale mattradisjonar – her finn du det ekte, nære og varierte.
Reiseinspirasjon
Aktivitetar og attraksjonar i Valldal

Aktivitetsparker og dyr
Valldal Aktivitetspark
Valldal - The Adventure Valley
Aktivitetsparken mellom Valldal og Trollstigen kan freiste heile familien med klatreløyper, lange zip-lines, hoppeputer og hoppeslott.

Bading og velvære
Meretes Garden - yoga, spa & retreat
Valldal - The Adventure Valley
Gjennom mindfulness, yoga og badstu, vil Merete ynskje deg velkommen til aktivitetar for kropp og sinn heile året.

Shopping
Lingebakken gardsutsal i Valldal
Valldal - The Adventure Valley
På Lingebakken får du kjøpt eigenprodusert sider, most og frukt, alt etter kva som er i sesong.
Slik kommer du deg hit
Planlegg reisa di på Sunnmøre og besøk kjende stader som Ålesund, Geiranger, Trollstigen, Ona og Runde. Her finn du informasjon om korleis du kjem deg hit og rundt i vår region.
Slik kjem du deg til og rundt i Ålesund & SunnmøreOvernatting

Overnatting
Nikkahuset
Valldal - The Adventure Valley
Feriehus med høg standard, i Valldal. Huset er nyrestaurert med alle fasiliteter for en storfamilie eller vennegjengen.

Overnatting
Valldal Fjord Lodge
Valldal - The Adventure Valley
Valldal Fjord Lodge ligger i sentrum av Valldal, et uformelt sted hvor du kan lade batteriene gjerne over flere dager.

Overnatting
Jemtegård Feriesenter
Valldal - The Adventure Valley
Jemtegård Feriesenter ligger lunt til like ved Valldal sentrum (ca 2 km). Her finner du oppstillingsplasser for caravan, bobil og telt.
Andre stader å besøke i nærheita.


Trollstigen
Trollstigen er en imponerende veiovergang som slynger seg gjennom 11 hårnålssvinger langs bratte fjellsider i Romsdalen. Trollstigveien forbinder Åndalsnes med Valldal på Sunnmøre.

Ålesund
Frå dei livlege kafeane i Ålesund er det berre 418 trappetrinn før du står på toppen av Aksla med panoramautsikt over by, hav og fjell. Etter bybrannen i 1904 ble byen bygd opp i jugendstil. Med fargerike bygg i storslått natur er det ikkje rart at National Geographic har kåra Ålesund til ein av dei vakraste hamnebyane i verda.












