Byer
Ålesund
Frå dei livlege kafeane i Ålesund er det berre 418 trappetrinn før du står på toppen av Aksla med panoramautsikt over by, hav og fjell. Etter bybrannen i 1904 ble byen bygd opp i jugendstil. Med fargerike bygg i storslått natur er det ikkje rart at National Geographic har kåra Ålesund til ein av dei vakraste hamnebyane i verda.
Jugendbyen ved havet
I Ålesund dansar historia og havet tett saman. Opplev den unike jugendstilen på nært hald – anten du ruslar gjennom dei svingete gatene, kryssar Hellebroa over Brosundet eller besøker Jugendstilsenteret og KUBE. Her får du høyre historia om bybrannen i 1904 og korleis Ålesund vart bygd opp att i den særeigne jugendstilen. Like ved ventar Fiskerimuseet, der du kjem tett på den rike fiskerihistoria som har forma byen.
Ålesund er ein by som lever, med festivalar og arrangement gjennom heile året. Byen er og ein smeltedigel av smakar – her får du alt frå fersk sjømat til innovative rettar inspirert av kysten. Når kvelden sig på, kan du sjekke inn på eit av dei historiske hotella eller finne roa på eit nytt og moderne hotell.
Opplevingar i Ålesund
I Ålesund ventar adrenalinet like rundt hjørnet. Lat eventyrlysta kan få fritt spelerom med kajakkpadling gjennom Brosundet, el-sykkelturar mellom jugendstilhusa eller guida fjellturar med utsikt som tek pusten frå deg. I Atlanterhavsparken – Akvarium og Vitensenter kjem du tett på livet i havet, og du kan sjå oter og selar boltre seg på det store uteområdet.
Ingen tur til Ålesund er komplett utan å besøke byfjellet Aksla. På toppen ventar panoramautsikta – frå dei kvasse tindane i Sunnmørsalpane til den frådande kystlina mot Runde, der storhavet tek til.
Frå fjordcruise til fjelltoppar
Ålesund er porten til dei store naturopplevingane. Ta eit fjordcruise til Geiranger eller Hjørundfjorden, eller reis til Sunnmørsalpane og opplev spektakulære ski og fjellturar. Følg kysten til Alnes fyr for å sjå storhavet møte himmelen, eller vidare til Ona, eit sjarmerande fiskevær der tida går sakte, men opplevingane varer lenger. Med direkte flyruter til Vigra lufthamn og daglege anløp frå Hurtigruten og Havila Kystruten, er Ålesund eit naturleg knutepunkt for eventyr langs kysten.
Reiseinspirasjon
Aktivitetar og attraksjonar i nærheita

Aktivitetsparker og dyr
Atlanterhavsparken i Ålesund
Ålesund
I Atlanterhavsparken får både små og store ekte, engasjerende og lærerike opplevelser.

Kultur
Jugendstilsenteret og KUBE
Ålesund
Jugendstilsenteret og KUBE er eit kunstmuseum i hjartet av Ålesund sentrum, med originalt jugendstilinteriør, skiftande samtidskunstutstillingar og aktivitetar for publikum.
Slik kommer du deg hit
Planlegg reisa di på Sunnmøre og besøk kjende stader som Ålesund, Geiranger, Trollstigen, Ona og Runde. Her finn du informasjon om korleis du kjem deg hit og rundt i vår region.
Slik kjem du deg til og rundt i Ålesund & SunnmøreSove og spise

Overnatting
Hotel 1904
Ålesund
Midt i sentrum finner du Ålesunds eldste hotell med unike rom i et historisk jugendstilbygg.


Overnatting
Quality Hotel Waterfront
Ålesund
Velkommen til Quality Hotel Waterfront i Ålesund, med de flotteste og mest solrike lokaliteter på sydsiden av byen! Hotellet har 248 lekre og urbane rom.
Kva skjer i Ålesund?
19. Des.Musikk
Adam Douglas - An American Holiday 2025
19:00
For åttende år på rad, fortsetter Adam Douglas sin juletradisjon med turnéen «An American Holiday»gjennom Norges land!
Fleire stader du må få med deg.

Ona & Nordøyane
Nord for Ålesund ventar øyane der kysthistoria lever vidare. Her sluttar vegen – og det gamle fiskeværet Ona lokkar med fyrlykt, fiskegarn og vind i håret.

Giske & Alnes
Opplev livet langs kysten på Sunnmøre på nært hald, og det er like fascinerande sommar som vinter. Det er enkelt å kome seg til Giske, og andre stader med kysthistorie som for eksempel Ålesund, Ona og Runde.


Trollstigen
Trollstigen er en imponerende veiovergang som slynger seg gjennom 11 hårnålssvinger langs bratte fjellsider i Romsdalen. Trollstigveien forbinder Åndalsnes med Valldal på Sunnmøre.

Hjørundfjorden
Midt mellom dei taggete og steile Sunnmørsalpane, skjer Hjørundfjorden seg 35 km innover i landet. Små bygdeperler ligg på rekke og rad og ønsker deg velkomen.

Runde & Sunnmørskysten
Ytre, søre Sunnmøre er den upolerte og utadvende naboen til Ålesund. Eit øyrike med små stader og store opplevingar.












