Bygder og steder
Ona & Nordøyane
Nord for Ålesund ventar øyane der kysthistoria lever vidare. Her sluttar vegen – og det gamle fiskeværet Ona lokkar med fyrlykt, fiskegarn og vind i håret.
Øylandskapet der havet har siste ord
Nord for Ålesund finn du eit unikt øyrike – eit belte av små og store øyar som strekkjer seg mot Harøyfjorden. Dette er Sunnmørskysten på sitt mest ekte, der havet, historia og kvardagen alltid har høyrt saman. Nokre av øyane har fastlandssamband via Nordøyvegen med bruer og tunnellar, medan andre – som Ona og Sandøy – berre kan nåast med båt eller ferge. Her ute har folk levd av og med havet i generasjonar. Fiskeri, landbruk og verftsindustri er framleis bærebjelkar i lokalsamfunna.
Opplevingar langs Nordøyvegen - ny veg til gamle øysamfunn
Med Nordøyvegen er fleire øyar nord for Ålesund, som Harøya og Finnøya, blitt tilgjengelege med bil. Dei markerer endepunktet for vegen og byr på levande øysamfunn. Her finn du flotte turstiar gjennom variert natur, og utleige av kajakk og anna vannsportutstyr – perfekt for deg som vil oppleve havet på nært hald.
På Finnøya ved fergekaia finn du både hotell med restaurant og badelandet «Håp i havet» – bokstaveleg talt eit stup unna fjøra og ei overrasking midt i det rolege øylivet.
Ferge til Ona og Sandøy – ekte øyferie på Sunnmøre
Opplev ekte kystkultur og roleg øyliv og ta ferga frå Finnøya til Ona og Sandøy – to av dei vakraste og mest særeigne øyane nord for Ålesund. Ei reise gjennom kystlandskapet, heilt ut til ytterkanten av landet.
Ona og Husøy er eit levande fiskevær med lange tradisjonar. Her ruslar du mellom naust og smale vegar, med vinden i håret og havet som bakteppe. På toppen av øya ruvar Ona fyr, eit ikon for heile kysten.
Sandøy byr på opne landskap, lune viker og eit autentisk øysamfunn – perfekt for deg som vil senke skuldrane og oppleve det langsame livet.
Reiseinspirasjon
Aktivitetar og attraksjonar

Bading og velvære
Håp i Havet - badeland
Finnøya
Håp i Havet er eit topp moderne bad med fantastisk utsikt mot havgapet!

Kultur
Steffågarden på Ona
Ona & Nordøyane
Husmannsplass på Husøya (Ona) fra 1793. Besøk Steffågarden og opplev kystkulturhistorie fra Romsdals ytterste øy.

Utendørsaktiviteter og natur
Leira ved Sandøy
Ona & Nordøyane
Sandøy har ein rik og idyllisk øykultur, med sjø og hav på alle kantar, i tillegg til nokon av Romsdalskysten sine vakreaste sandstrender. Her finn du ro og fred, men også 35 fastboende og eit levende gård- og dyreliv.

Kultur
Lepsøyrevet fyr
Ona & Nordøyane
Lepsøyrevet fyr er eit tidlegare ledfyr som ligg på Lepsøy rev i Ålesund kommune på Sunnmøre. Fyret blei oppretta i 1879 i enden av ein lang molo.


Kultur
Fiskeværet Ona og Ona Fyr
Ona & Nordøyane
Velkommen til Norges sydligste levende fiskevær – Ona. Øya ligger i havgapet ytterst på Romsdalskysten, og her bor 16 mennesker hele året.

Utendørsaktiviteter og natur
Tur til Harøyburet
Ona & Nordøyane
Harøyburet (156 moh.) er den høgste toppen på øyane av det som tidlegare utgjorde Sandøy kommune. Herifrå får ein ei super utsikt over øyriket mot sør og mot nord.

Shopping
To runde pinner og Glade kopper
Ona & Nordøyane
Med ryggen mot fastlandet, ytterst på romsdalskysten ligger Ona, Norges sørligste fiskevær. Her holder vi, To runde pinner til. En av Norges minste garnbutikker. Med 10 fastboende på øya baseres kundekretsen vår nok mest på tilreisende og turister. Her har vi også kafè og et lite utvalg av dagligvarer. Vi holder åpent hver dag hele året med litt varierende åpningstider. Vi selger også ferdige produkter og tar på oss strikkeoppdrag. Vi har også lansert vår egen Onagenser som kan kjøpes som garnpakke eller bestilles ferdig strikket. Produkter fra Halås Gardsutsalg, som krydder, syltetøy, siruper m.m finner du også her. Garnbutikken er også blitt et samlingssted der folk kan sette seg ned å få en kaffekopp og en god prat. En gang i året i juni har vi et stort strikketreff hvor vi møtes på forsamlingshuset Stormly som har plass til 100 personer. Det vil også holdes mer intime strikkeweekender med fokus på rekreasjon, foredrag, strikking og godt samvær i trivelig selskap.

Kultur
Hellevik Fyr
Ona & Nordøyane
Hellevik Fyr er ein nedlagt fyrstasjon på øya Lepsøy i Haramsfjorden.

Kultur
Rønstadhellaren
Ona & Nordøyane
Rønstadhelleren er ein 14 meter høg og 20 meter brei heller på Lepsøya i Ålesund kommune. Den strekk seg 77 meter innover i fjellet og er blant dei største hellerane man kjenner til.
Slik kommer du deg hit
Planlegg reisa di på Sunnmøre og besøk kjende stader som Ålesund, Geiranger, Trollstigen, Ona og Runde. Her finn du informasjon om korleis du kjem deg hit og rundt i vår region.
Slik kjem du deg til og rundt i Ålesund & SunnmøreBo godt ved havet
Overnatting
Finnøy Bryggehotell by Classic Norway Hotels
Finnøya
Finnøy Bryggehotell ligger rett i havgapet på Finnøy. Her finner du overnatting, restaurant, møtefasiliteter, kafé, trening, bad - og velvære i Håp i Havet.
Overnatting
Ona Havstuer by Classic Norway Hotels
Ona & Nordøyane
Ona er et av landets mest kjente fiskevær og ligger ute i havgapet på sunnmørskysten. Havstuene har leiligheter og rom og sommeråpen restaurant med havutsikt.
Du er kanskje også interessert i
Runde & Sunnmørskysten
Ytre, søre Sunnmøre er den upolerte og utadvende naboen til Ålesund. Eit øyrike med små stader og store opplevingar.
Giske & Alnes
Opplev livet langs kysten på Sunnmøre på nært hald, og det er like fascinerande sommar som vinter. Det er enkelt å kome seg til Giske, og andre stader med kysthistorie som for eksempel Ålesund, Ona og Runde.
Ålesund
Frå dei livlege kafeane i Ålesund er det berre 418 trappetrinn før du står på toppen av Aksla med panoramautsikt over by, hav og fjell. Etter bybrannen i 1904 ble byen bygd opp i jugendstil. Med fargerike bygg i storslått natur er det ikkje rart at National Geographic har kåra Ålesund til ein av dei vakraste hamnebyane i verda.