Naturattraksjoner

Kinn

Heilt ute i havgapet finn du den irrgrøne, grasdekte øya Kinn, med Kinnakyrkja og Kinnaklova.

Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15.000 menneske her og på omkringliggande øyar i sildesesongen. I dag er det berre nokre få fastbuande på Kinn. På øya ligg ei vakker steinkyrkje frå mellomalderen.

Kinnakyrkja er bygd i romansk byggjestil, og har vore i bruk sidan 1100-talet. Kyrkja er den eldste i Sunnfjord, og er ein del av Kystpilegrimsleia. Fjellveggen bak kyrkja reise seg steilt opp, og den ruvande Kinnaklova er nærmaste nabo. Den berømte Kinnaklova er eit kjend seglingsmerke langs skipsleia.

Lokalbåt til Kinn

Reis til Kinn, og la deg bergta av øya, historia, mellomalderkyrkja og den vakre naturen! Frå kystbyen Florø går lokalbåten mellom øyar og skjer ut til Kinn. Finn meir informasjon om båtruten her

Turstiar

Når du har stige i land på Kinn finn du fleire flotte turstiar. Les meir om dei her

Opa kyrkje

Frå 23. juni til ut august månad er det opa kyrkje på Kinn. Frivillige frå heile landet opnar kyrkja for deg og deltek med tidebøn. Sjå kinnakyrkja.no for tider.

Guida tur

For tilbod om guida tur på Kinn, ta kontakt med Visit FjordKysten og Sunnfjord på mail@fjordkysten.no eller telefon 577 43 000

Kinnaspelet

Kvar tredje helg i juni er det Kinnaspelet - eit drama om kjærleik og svik då reformasjonen kom til Norge. Dette er teateret ved havet, der naturen og landskapet spelar på ein måte som du sjeldan finn andre stader. Les meir og finn billetta her: https://kinnaspelet.no/

Kva du kan oppleve på Kinn

Oversiktsbilde over øya Kinn

Utendørsaktiviteter og natur

Fjelltur til Kinnaklova på øya Kinn

Kinn

Vandre opp til Kinnaklova på øya Kinn og få storslått utsikt over havet og dei omkringliggande øyane.

Kultur

Kinnakyrkja på Kinn

Kinn

På øya Kinn ligg ei vakker steinkyrkje frå mellomalderen. Om sommaren er det opa kyrkje som du kan besøke

Kinnaspelet | © Håvard Stubhaug

Kultur

Kinnaspelet

Florø

Kinnaspelet - Songen frå det store djup. Opplev det historiske spelet lengst vekk i havet der storhavet møter Kinnaklova.

Slik kommer du deg hit

Fjordkysten & Sunnfjord strekk seg frå breen i aust og til øysamfunna i vest, ein drøy time nord frå Bergen. Under finn du oversikt over korleis du kjem deg til og rundt i regionen.

Slik kjem du deg til og rundt i Fjordkysten & Sunnfjord

Planlegg ditt besøk til Kinn

Ikkje gå glipp av

    Andre øyer på Vestlandet

    • Dronebilde av øyane i Bulandet og Værlandet. Lengst unna ser vi Alden. Foto

      Værlandet og Bulandet

      Midt i havgapet, godt vakta av den majestetiske Alden, ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bunde saman av 6 bruer og 5.240m veg.

    • 5 kajakker padler mot kamera, det er solnedgang og bak dei er det store flyttblokker som står plassert på en holme. dei padler og ser inn i kamera. solen bryter gjennom flyttblokkene. det er rolig sjø

      Solund

      Med 1700 øyar, holmar og skjer vest i havgapet er Solund eit populært reisemål for alle som leiter etter spennande naturopplevingar.

    • Svanøy

      Svanøy, den sørlegaste og mest frodige øya i Kinn kommune, byr på ei unik blanding av natur, ro og ei mangfaldig historie med djupe røter.