Byer

Måløy

Kom tett på naturen i skiftande vêr, frå strålande sol, strandliv og blikkstille hav, til fyrovernatting med stormbølgjer som slår rundt veggane.

I Måløy har nærleiken til havet satt sitt preg på både næringsliv, landskap og menneske. Måløy og øya Vågsøy er kopla saman med fastlandet via Måløybrua, og er eit av landets største fiskerihamner. Her kan du oppleve alt frå idylliske stader til mektige naturopplevingar.

I kystbyen Måløy kan du bli sjarmert av dei koselege gatene, høyre spanande historier frå krigen på Måløyraidsenteret, og la deg bli freista av koselege kafear og restaurantar der du kan velje alt i frå fish and chips til sushi.

I dei siste åra har Måløy blitt kjent for sin flotte gatekunst som representera kystkulturen i Vågsøy. Det er i dag 20 veggmaleri, dei fleste i gangavstand frå sentrum.

Måløy ligg på øya Vågsøy og er omringa av Stadhavet – ein av dei mest vêrharde stadane langs Norskekysten. Øya Vågsøy har fire fyr som guidar skip trygt rundt Stad. På vestkysten finn du Kråkenes fyr, eit område som er berykta for sitt vêrharde klima.

I enden av bygda Refvik finn du den 1,5 km lange sandstranda Refviksanden. Med si krittkvite skjelstrand er dette er ei av Norges finaste badestrender. Ein kort køyretur frå Måløy finn du Vågsberget, ei av mange handels- og gjestgjevarstadar langs kysten vår. I nærleiken av Vågsberget finn du Kannesteinen – ein spesiell stettforma stein som ligg i fjæra. Kannesteinen er forma av hav og bølger gjennom fleire tusen år.

Aktivitetar i Måløy

Måløyraid senteret

Kultur

Måløyraidsenteret

Måløy

Måløyraid senteret viser originale bilete og metervis med original film frå Måløyraidet 27. desember 1941. Senteret ligg sentralt i Måløy.

to personer, ein mann og ei dame sitter på kvar sin side i ein sauna. det er eit stort rundt vindauge som dei kan sjå ut. der ser du havet, og på andre sida er det mange hus, skog og åkre

Bading og velvære

Sauna ved sjøkanten i Vågsvåg - Sjøbris Adventure

Måløy

Flyt Sauna Vågsvåg kombinerar velvære, natur og kystkultur på ein unik måte. Vakkert plassert ved eit gamalt naust på kaikanten i Vågsvåg.

Vågsberget

Kultur

Vågsberget handel- og gjestgjevarstad

Vågsvåg

Ved Vågsberget handel- og gjestgjevarstad kan du reise tilbake til 1600- og 1800-talet og oppleve korleis reisande fann trygg hamn og handel langs kysten.

Slik kommer du deg hit

Fjordkysten & Sunnfjord strekk seg frå breen i aust og til øysamfunna i vest, ein drøy time nord frå Bergen. Under finn du oversikt over korleis du kjem deg til og rundt i regionen.

Slik kjem du deg til og rundt i Fjordkysten & Sunnfjord

Sov godt i Måløy

  • Overnatting

    Ulvesund fyr

    Måløy

    Nyt livet ved Ulvesund fyr, som har hjulpet båtar å finne vegen heim sidan 1870

Andre byer på Vestlandet

  • Vår i sentrumsparken i Sogndal

    Sogndal

    Bygda Sogndal er kjent for Fjellsportfestivalen, fantastisk laussnø, fotball og produksjon av saft og syltetøy.

  • Et par som står på et utsiktspunkt på Fløyen i Bergen og ser utover byen

    Bergen

    Bergen er selve hjertet i de norske fjordene, og gir deg en ideell kombinasjon av natur, kultur og storbyopplevelser. Uansett årstid.

  • To personer som går opp trapper og som ser på utsikten over Ålesund by.

    Ålesund

    Frå dei livlege kafeane i Ålesund er det berre 418 trappetrinn før du står på toppen av Aksla med panoramautsikt over by, hav og fjell. Etter bybrannen i 1904 ble byen bygd opp i jugendstil. Med fargerike bygg i storslått natur er det ikkje rart at National Geographic har kåra Ålesund til ein av dei vakraste hamnebyane i verda.