Bygder og steder
Fjaler
Fjaler byr på både natur- og kulturopplevingar. Her finn du eit rikt utval av merka turløyper og fjord- og kystopplevingar innan korte avstander.
Fjaler ligg på sørsida av Dalsfjorden og er mangfaldig geografisk. Her kan du reise frå fjordbygdene Dale og Flekke, til det lakserike Flekke- og Guddalsvassdraget, dalføret Guddal og til kystgrendene i vest.
Dale
Dale er kommunesenteret i Fjaler og byr på eit rikt utval av kaféar og butikkar, samt eit motell som ligg i Dale senter. Over bygda Dale troner Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen, og midt i sentrum ligg Jakob Sande-tunet. Du finn to bubilparkeringar: ein på Øyra og ein på ferjekaia, og det er gjesteplassar for båtar i dei to båthamnene.
Hellevik
På Hellevik finn du Leonards Forlaavelse som tilbyr småskala mat og oppleving. Her er stor ostedisk og interiørbutikk med intin og autentisk atmosfære. På Hellevik ligg også daglegvarebutikken og ei fin sandstrand om du ønskjer å bade. Vel verdt eit besøk er også kulturminnet Nilsbua.
Tysse
På Tysse ligg sorenskrivargarden Lillingstonheimen, med ein vakker og privat gravstad, Fredensborg, som vart anlagt av sorenskrivar Nils Landmark. Like ved ligg Jensbua Kystkultursenter, som også er base for Bakkejekta.
Flekke
i Flekke ved fjordarmen Flekkefjorden ligg Røde Kors Nordiske United World College, som er bygd i tilknytning til Røde Kors sitt opptrenings- og rehabiliteringssenter Hauglandssenteret. Her er det eit myldrande internasjonalt miljø med 200 studentar frå heile verda, leirskule, badeland og konferansefasilitetar.
Korssund
Korssund er ein gamal gjest-gjevarstad heile vest i kommunen, med ei rik og spanande historie. Staden har fått navnet sitt etter ein 4 meter høg steinkross som vart reist av kong Olav den Heilage om lag år 1030 under kristninga av Noreg. Korsen er av typen "Olavskross", og er ein av dei største i landet. Korssund er ei naturleg god hamn, og her er eit myldrande båtliv om sommaren.
Fjordkysten Regional- og Geopark, ein UNESCO Global Geopark
Fjaler er ein del av Fjordkysten Regional- og Geopark, ein UNESCO Global Geopark. Parken strekkjer seg over dramatiske fjordar, åpent kystlandskap, og imponerande fjellformasjonar lengst vest i Norge.
La deg inspirere
Aktivitetar i Fjaler

Kultur
Jakob Sande-tunet
Dale
Den folkekjære diktaren Jakob Sande er fødd og oppvaksen på Klokkargarden i Dale. Her kan du få informasjon og omvising i diktarens fotspor.

Sightseeing
Laukelandsfossen
Fjaler
Laukelandsfossen er eit imponerande syn med eit fall på 135 meter og opp til 100 meter breidde.

Utendørsaktiviteter og natur
Fjelltur til Heileberget (Fløgen)
Fjaler
Ved mektige Dalsfjorden ligg den imponerande fjellturen Heileberget, også kalla Fløgen. Frå 761 høgdemeter får du storslått utsikt og mektige naturopplevingar

Utendørsaktiviteter og natur
Kajakk og kano til leige - UWC Connect
Fjaler
Oppdag nydlege Dalsfjorden og Flekkefjorden frå kajakk eller kano!

Utendørsaktiviteter og natur
Dagsturhytta i Fjaler - Vidsyn
Fjaler
Dagsturhytta Vidsyn i Fjaler ligg på Bygdeheia og har nydeleg utsikt i alle retningar. Ein tur som passar heile familien


Utendørsaktiviteter og natur
Aurefiske ved Yndestad Gard
Fjaler
Yndestad Gard ligg idyllisk til ved Yndestadvatnet, eit vatn som strekker seg over 9 km i naturskjønne omgjevnader, der du får ei unik fiskeoppleving.

Utendørsaktiviteter og natur
Laksefiske - Hellebustfossen Hytter
Fjaler
Om du er ute etter den store skinnande laksen, så kan det hende du finn fiskelykka i Hellebustfossen. Perfekt for fiske i flotte naturomgjevnadar!

Utendørsaktiviteter og natur
Den Trondhjemske Postveg
Fjaler
Den Trondhjemske Postvei går gjennom storslått natur - langs vatn og over elver, og gjennom frodige bygder. Denne postvegen er eit levande kulturminne frå fortida.

Utendørsaktiviteter og natur
Fjelltur til Heileberget (Fløgen)
Fjaler
Ved mektige Dalsfjorden ligg den imponerande fjellturen Heileberget, også kalla Fløgen. Frå 761 høgdemeter får du storslått utsikt og mektige naturopplevingar

Sightseeing
Laukelandsfossen
Fjaler
Laukelandsfossen er eit imponerande syn med eit fall på 135 meter og opp til 100 meter breidde.

Utendørsaktiviteter og natur
Aktiv familiehelg - UWC Connect
Fjaler
Bli med på ei aktiv og innhaldsrik helg på Haugland. UWC Connect har aktivitetar for store og små!
Slik kommer du deg hit
Fjordkysten & Sunnfjord strekk seg frå breen i aust og til øysamfunna i vest, ein drøy time nord frå Bergen. Under finn du oversikt over korleis du kjem deg til og rundt i regionen.
Slik kjem du deg til og rundt i Fjordkysten & SunnfjordSov godt i Fjaler
Overnatting
Yndestad gard
Fjaler
Yndestad gard er ei vakker perle ved Yndestadvatnet i Guddal, Fjaler.
Overnatting
Fabel Kafé og Motell
Dale
Fabel Kafé & Motell – her får du ikkje berre ei god seng og god mat, men òg eit perfekt utgangspunkt for å oppleve alt denne mangfaldige bygda har å by på.
Dalsfjorden
Omkransa av fossefall og bratte lier er Dalsfjorden ein skjult perle på kysten av Vestland.