Byer
Florø
Ved kanten av storhavet ligg Norges vestlegaste by Florø. Med spektakulære øyar og fjordar rundt deg, er dette den ultimate destinasjonen for å oppleve ekte vestlandsk kultur, uansett årstid!
Kystbyen Florø
Florø ligg idyllisk til ved kysten av Vestland og er sterkt tilknytt havet. Her finn du eit aktivt kulturliv med lokale festivalar og arrangement, koselege kafear med flott atmosfære og spektakulær natur med fjordar, øyar og fjell.
Senter for sildefisket
Florø fekk bystatus i 1860 og var då senter for sildefisket både på 1800-talet og i 1950-åra. Den tidlegare kommunen Flora vart ved fleire høve kåra til den trivelegaste bykommunen i landet. Kystmuseet i Florø gir deg innblikk i områdets historie.
Opplev øysamfunna i Florø
Byen er omringa av ein rekke øyer som er ein del av kystlandskapet. Her kan du besøke mektige Kinnaklova, som mellom anna er kulisse i storfilmen «dune», og besøke den vakre og frodige øya Svanøy som gjennom tida har vore både adelssete og bispegods. På øya Reksta kan du oppleve kystens råskap frå ein unik Birdbox.
Båtruter i Florabassenget
Frå Fugleskjærskaia i Florø har den lokale rutebåten fleire avgangar i løpet av dagen slik at du enkelt kan reise til og frå. Her finn du nyttig informasjon om reisa di
La deg inspirere
Aktivitetar i Florø

Kultur
Kystmuseet i Sogn og Fjordane | Museum i Florø
Florø
Ved Kystmuseet i Florø ventar ein spanande kombinasjon av natur og kultur. Museet formidlar historia om livet langs kysten, med fokus på alt frå ferdsel og fiske til kvardagsliv i bygd og by.

Shopping
Harmonia, klesbutikk og interiørbutikk i Florø
Florø
Harmonia i Florø har eit rikt utval av mote, interiør og tilbehør for både store og små.
Sov godt i Florø

Overnatting
Quality Hotel Florø
Florø
Quality Hotel Florø – eit maritimt hotell med storslått fjordutsikt, historisk sjarm og moderne komfort. Perfekt for kurs, ferie og gode matopplevingar.

Overnatting
Scandic Victoria Florø
Florø
Scandic Hotel Victoria Florø trur på det unike ved å skape kontrastar

Overnatting
Kinn Hotell
Florø
Kinn Hotell er eit godt utgangspunkt for å utforske kystbyen og øyane rundt. Her har du kort avstand til både natur, kultur og aktivitetar.
Destinasjonar langs Fjordkysten og Sunnfjord
Slik kommer du deg hit
Fjordkysten & Sunnfjord strekk seg frå breen i aust og til øysamfunna i vest, ein drøy time nord frå Bergen. Under finn du oversikt over korleis du kjem deg til og rundt i regionen.
Slik kjem du deg til og rundt i Fjordkysten & Sunnfjord








